
Konsert med HM Johnsen
HM Johnsen – nære låtar, sterke melodiar og ei levande konsertoppleving
HM Johnsen er ein artist og låtskrivar som rører seg i landskapet mellom pop, indie, soul og blues. Med eit uttrykk prega av sterke melodiar, ærlege tekstar og organiske arrangement har han bygd eit musikalsk univers som kjennest både personleg og tilgjengeleg.
Gjennom snart ti år som aktiv liveartist har han spela hundrevis av konsertar i Noreg, Europa og Afrika, på klubbscener, kulturhus og festivalar, og gradvis utvikla eit tydeleg og attkjenneleg uttrykk, både musikalsk og formidlingsmessig.
Som tidlegare vinnar av Blues Union Artist i regi av Norsk Bluesunion, og kjend som ein særs framstormande gitarist, har HM teke eit djupdykk i tekst, melodi og musikalsk uttrykk. Publikum kan venta både imponerande gitarspel og sterke låtar frå scena.
NRK P3, P1 og NRK Vestland har alle omtala dei nye låtane til HM som romantiske og ærlege.
«Masterful music making at its best»
– Subba Cultcha Magazine
«A singer-songwriter with an extraordinary talent for a number of different styles»
– York Calling (UK)
Musikken – ærleg, melodisk og dynamisk
HM Johnsen skriv låtar som tek utgangspunkt i personlege erfaringar, men med rom for at publikum kan leggja sine eigne historier inn i dei. Musikken rører seg naturleg mellom det nære og ettertenksame og meir rytmiske og energiske parti, med fokus på dynamikk, stemning og melodisk driv.
Utgjevingane hans har vorte godt mottekne både i Noreg og internasjonalt, og har fått ros for varm produksjon, sterke melodiar og eit personleg uttrykk.
Konsertopplevinga
På scena er HM Johnsen kjend for å skapa konsertar som kjennest både nære og engasjerande. Publikum vert inviterte tett på, og konsertane er prega av nærvær, spontanitet og god kontakt med rommet.
Uttrykket vert alltid tilpassa arenaen, anten det er ei intim klubbscene eller ei større festivalscene, med plass til både store musikalske uttrykk, intimitet, ettertanke og energi. Resultatet er levande, varierte og ekte konsertopplevingar.
Eit prosjekt drive av utforsking og formidling
I 2025 gjennomførte HM Johnsen eit større kunst, film og musikkprosjekt der han gav ut éin ny låt kvar månad, parallelt med ein omfattande turné gjennom Europa og Afrika i ni land. Turneen omfatta over 19 konsertar på fire veker, og reisa vart dokumentert i YouTube-serien «We Drove a 43-Year-Old Mercedes to Africa».
Prosjektet resulterte i eit album som speglar både eventyrlyst, refleksjon og musikalsk utvikling, og fekk svært gode tilbakemeldingar frå publikum, presse og bransje.
Å oppleva HM Johnsen live er noko heilt spesielt.
____
Mat før framsyninga: Informasjon om eventuell showmeny kjem snart.
Varigheit: Ca 90 minutt
Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.