Pling Vaken

Pling Vaken

FORFATTARBESØK!
Forfattar og skodespelar Irene Ahnéll har med seg skodespelarkollega Mette S. Tønseth og dokkene frå teaterstykket basert på boka med same namn. I staden for ei vanleg opplesing, får også Klara- og skåpmonsterdokkene vere med i ein levande presentasjon av boka - og borna får helse på dei alle fire, etter lesestunda.

Klara driv mor si til vanvidd med alle små og store påskott til ikkje å sove. Men merkelege ting hender i Klara sitt rom, og Klara skjøner at det ikkje er berre berre å vera mamma og prøve å få nokon til å sova.... Pling Vaken er ei historie dei aller fleste vil kjenne seg att i. Men historia har ein fiffig tvist og morosam vri, og det vert ei artig stund saman med Klara, monstret, Irene og Mette.

Passar frå 3 år. Varer omlag 40 minutt.