Frivilligfestival

Frivilligfestival

Saman feirar vi Noregs viktigaste lagarbeid!

Velkommen til Frivilligfestivalen!

Laurdag 10. september, markerer vi Frivilligheitsåret 2022.

50 frivillige lag og organisasjonar har meldt seg på, og saman feirar vi Noregs viktigaste lagarbeid.

Dette er ein unik moglegheit til å sjå kva du som innbyggar i Bjørnafjorden kan være med på av aktivitetar i kommunen. I tillegg til stands med mykje god informasjon, får du oppleve musikalske innslag og dans, du kan teste orienteringsevna eller ballkunnskapane, du kan ro Oselvar på vannet, og teste romaskin på land. Bålkos, speiding, segling, fiske, BUA, gjenbruksbutikk, veteranbilar og seglfly er anna du kan oppleve denne dagen. I «det politiske hjørnet» kan du diskutere med lokalpolitikarane våre.

PROGRAM på scena:

o             13:00    Os karateklubb

o             13:30    Os Musikkforening, minikonsert

o             14:00    Tunet barne- og Tweens kor

o             14:30    Os Swingklubb

o             15:00    Os Vocalis

o             15:30    Litauisk forening

Arrangementet er gratis og varer frå

kl. 12 – 16, alle er velkomne!

Samarbeid mellom Os frivilligsentral, Fusa frivilligsentral og Oseana kunst- og kulturhus