
Ausekarane – Ramsalt kystmusikk på fullt!
Det er ikkje utan grunn at Ausekarane – med Tor Endresen og Bjørn Jensen i spissen – har herja revy- og konsertscener rundt på Vestlandet i ei årrekkje. For dette er fengjande musikk, reinspikka moro, ein god porsjon galskap, og ikkje minst eit band med fantastiske musikarar.
På skryteveggen står kåring som Bergens beste sceneoppleving i 2010, 1. plass på VG-lista med albumet «Farande fant», Platinatrofé for «Ausedansen», Gullplate og Spellemannpris-nominasjon for albumet «Ein hau med hitts».
Det starta med «Haraball i naustet» på Logen i Bergen. Ausekarane gjorde stor suksess med musikk-kabareten som var basert på kysttrubaduren Johannes Kleppevik sine songar og ramsalte tekstar.
Sommaren 2008 vart forestillinga tatt med ut i sitt rette element; På fjorden. Frå kai te kai på Vestlandet. Først med ferja «Showboat» og seinare med ferja «Showtime» under slagordet «Ikkje reis te byd`n, me kjem te deg». Dette vart ein gedigen slager med skamros frå både folk og media.
Sidan den gong har det gått slag i slag med konsertar, turnear, show, album- og DVD-utgjevingar. Alle medlemmene i Ausekarane er frå Strilelandet, så nær som Tor Endresen som er einaste bergensaren på laget. Men han er så godt inne i strilekulturen at han eigentleg kunne søkja om å bli forfremja til stril.
—
Konserten varer om lag 2 timar og 20 minutt, inkludert pause.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Bestill eit måltid før arrangementet
Vi tilbyr no ein eigen matmeny i forkant av utvalde kulturarrangement. Du bestiller og betalar maten du vil ha på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar. Maten blir levert av Det Gode Selskap.
Bestilling/kjøp skjer via billettsystemet. Du kan anten bestille mat samtidig som du kjøpar billettar, eller du kan etterbestille mat seinare. Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Klikk her for å gå direkte til matbestilling til konserten med Ausekarane.
Bordønske, o.l.: Vil du sitte til bords med nokon frå ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.
Skal du bestille mat for grupper (6 personar +)? Ta kontakt på e-posten over for avtale og menyforslag.