Dangfart Tønnessen med venner

Dangfart Tønnessen med venner

Dangfart Tønnessen er ein av Noregs mest folkekjære komikarar. På Facebook leverer han jamnleg humoristisk gull til sine over 275.000 følgjarar. Dangfart har ein lite sjølvhøgtideleg humor. Han er folkeleg og treff noko som alle kan kjenne seg att i! Under Julegøy 2022 på Ole Bull Scene i Bergen etablerte han seg verkeleg som scenekomikar og hausta fantastiske superlativ frå både anmeldarar og publikum.

I «Dangfart med Venner» får vi eit innblikk i Dangfarts elleville liv. Vi møter i tillegg til Dangfart sjølv vennene Eirik Krokås og Vidar Hodnekvam. Her er det berre å ringe vennegjengen, for dette vil de ikkje gå glipp av! Vi sjåast på show!

18 års aldersgrense.

Varer ca. 90 minutt.