Dikt Live – Med Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen

Dikt Live – Med Jon Hjørnevik og Dagfinn Iversen

Diktsamlingane er igjen lagt fram. Nok ein gong er Dagfinn Iversen og gitaren med på slep – saman med Hjørnevik sine hårreisande dikt, sinne, kjærleik og humør.

Gjer deg klar for dikt om kommunal omsorg og sløydlærarar som driv med seksualundervisning, solariumspoesi og bussturar som endar i kloremerker på ryggen.

Kjøp billlett idag og kom på Dikt Live. Enten du likar det eller ikkje. Showet inneheld innslag av nynorsk. For dei som ikkje likar dikt er det ein del gitartonar frå Iversen å høyre på. Det er òg lov å tvinge vener til å bli med på show.