Greatest Vits – Ørjan Burøe sitt Jubileumsshow

Greatest Vits – Ørjan Burøe sitt Jubileumsshow

Etter 25 år på scena som ein av Norges morosamste komikarar, inviterer Ørjan Burøe deg til det ultimate humorshowet! Dette er kremen av kremen: heilt nye, hysterisk morosame historier og dei mest minneverdige punchlines frå heile hans karriere. Ørjan sparar ikkje på krutet – her blir det skarp humor, ærlege poeng og overraskingar som garantert får deg til å le så tårene triller!

Lattergaranti? Absolutt!

Ørjan er så sikker på at publikum kjem til å le, at han gir pengane tilbake viss det er nokon som ikkje ler innan det første minuttet! Ja, du las riktig – MINUTTET! Dette showet er ikkje for sarte sjeler, så viss du lett blir krenka, kan det hende du bør halda deg heime. Her blir det humor som treff hardt, ærleg og rett i lattermusklane!

Dette er meir enn berre eit show – det er ei oppleving du ikkje har råd til å gå glipp av. Ørjan leverer humor på toppnivå, og denne framsyninga kjem til å bli noko folk snakkar om lenge etterpå.

Showet varer i om lag 70 minutt. 

Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no