
I år gjør me det heilt enkelt – ein slags julekonsert med Tønes og Ingvar Hovland
I 20 år har Frank «Tønes» Tønnesen og Ingvar Hovland arrangert juleframsyning. Saman har dei dykka i julefeiringa sanne utfordringar: kvar skal ein vera på julaftan, kven gir gåve til kven, kva er eigentleg eit godkjent juletre, og er det eigentleg greitt å pynte det i november?
Svaret på det siste er sjølvsagt eit rungande englekor av nei. Resten er kunnskap Tønes og Hovland har samla gjennom åra og no sett saman til ei ny konsertframsyning, der dei blant anna får hjelp frå Sigfrida og Johanne.
«I år gjør me det heilt enkelt» er julesongar for deg som kanskje ikkje synast jula skal handle om song og konserter i det heile tatt. Om gåveoverlevering, golvkulde og om det blir feiring hos tante Ingeborg eller tante Gerd. Samt ein om at den blankaste stjerna likevel gir håp.
Ingvar Hovland er Egersunds nasjonalpoet. og har skrive songtekstar for ei rekke norske artistar og band.
Frank Tønnesen har ei unik evne til å observere og formidle kvardagslege ting og livet i ein blanding av subtil humor og underfundig alvor. Ganske mange kallar han Tønes.
–––
Varigheit: ca 90 minutt
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no