I magiens verden – Trylleshow med Daniel Larsen
Velkomen til ein kveld full av magi, humor og overraskingar!I Daniel Larsen sitt nye familieshow “Magiens Verden 2” blir heile familien engasjert og får vere med på det magiske som skjer. Eit show som får barna til å hyle, skrike og le før dei blir stille av forundring over det magiske som nettopp har skjedd. Dette er underhaldning som verkeleg engasjerar publikum -både dei små og dei store.
Daniel Larsen ”Master Of Magic” er ein av Noregs mest erfarne magikarar/illusjonistar. Han har jobba som profesjonell artist i over 30 år, og med 150-200 framsyningar i året er han ein av dei mest produktive magikarane vi har i landet. Daniel har opptredd fleire gongar på TV og har stått på fleire av dei store scenene i både inn- og utland. «Magiens Verden 1» fekk fantastiske tilbakemeldingar frå publikum.
Passar for alle frå ca 4 år og oppover.
Varer ca. 1 t 30 min.