Nyttårsball – ein heilaftans dansegalla
Oldtimers Big Band og Oseana inviterer til feiring av det nye året!
Oseanasalen er rigga for dans, og med runde kafébord. Det vert klassisk storbandmusikk, der klassikarane frå dei store låtskrivarane kjem som perler på ei snor. Marita Moe Sandven gjev deg tolkingar av mellom anna Natalie Cole og Stevie Wonder. Fredrik Schmidt Fotland (som fall i Sinatra-gryta som nyfødd), skal gleda oss med låtar frå Frank Sinatra, i tillegg til låtar frå Dean Martin og Michael Bublé. Marita og Fredrik skal også synga duett saman, mellom anna ein spenstig versjon av klassikaren “The Lady Is A Tramp”.
Gjesteband:
Old Timers Big Band har også med seg eksil-osing og saksofonist Bjørn Blomberg, og bandet Frutabomba. Frutabomba spelar latinmusikk som kan få det til å rykkja i foten på sjølv den mest standhaftige pappfigur.
Musikarane i Frutabomba har brei erfaring frå verdsmusikkscenar i til dømes Havanna og Afrika, og drar på impulsar frå både latinmusikk, afrobeats, jazz og folkemusikk. Her blir det moro både for dei danseglade og dei som likar å lytta.
Frutabomba består av: Daiyen Jone – vokal, fløyte, Bjørn Blomberg –sax, Øystein Kvinge –piano, Torbjørn Hillersøy – bass og H.C. Dalgaard – trommer, perkusjon
18:30 Dører og bar opnar
19.30 Musikken spelar opp
24:00 Slutt
Gjesteband: Frutabomba