Os Senioruniversitet – Øivin Christiansen – Barnevernet i søkelyset
Øivin Christiansen er sosionom med doktorgrad frå Universitetet i Bergen.
Han arbeider som forskar ved forskingssenteret NORCE. Hans forskingsinteresser og – erfaringar dreier seg om utsette barn og om deira familiar, og han har særleg studert barnevernet sitt arbeid med desse gruppene. Han har særleg vore opptatt av korleis barnevernet tek avgjerder, blant anna i saker der det handlar om å flytta barn ut av heimen. I tillegg har han over tid vore involvert i fagutvikling på barnevernsfeltet gjennom ulike nasjonale prosjekt. Øivin Christiansen har skrive ei rekkje bøker og artiklar som gjeld utsette barn og deira familiar.
I dette foredraget snakkar han om kvifor barnevernstematikk er noko som angår alle, kva som gjer barnevernsarbeid så komplisert og kvifor det med ujamne mellomrom vert reist hard kritikk av barnevernet.
Varer ca. 2 timar inkl. kaffipause.