Riksteatret: Legenden om Narnia – Løven, heksa og klesskapet
Ta med borna, familie og vennar og bli med på ei uforgløymeleg reise til Narnia, kor fantasi og verkelegheit smeltar saman i ei fortryllande teateroppleving!
Eit gammalt klesskap, ei magisk verd, ei iskald forbanning og eit spektakulært slag – bli med til Narnia.
For 75 år sidan skapte C.S. Lewis eit univers fylt av spenning, fantasi og magi. Narnia har sidan den gongen engasjert millionar av born og vaksne over heile verda gjennom bøker, TV-seriar og filmar, og blitt ein av vår tids store klassikarar.
Møt søskena Lucy, Edmund, Susan og Peter når dei oppdagar vegen til eventyrlandet Narnia. Der herskar den onde Heksa Hvit i evig snø og is. Saman med løven Aslan og alle gode krefter tar dei fire borna opp kampen mot det onde.
Når regissør Hilde Brinchmann skal lage teater av Narnia for Riksteatret, lar ho oss oppleve historia gjennom borna sine auge. Brinchmann har hatt stor suksess med «Mio, min Mio» og «Operasjon Teater – Detektivbyrå nr. 2».
Med Janne Starup Bønes, Ellen Bendu, Jawad Aziz, Sebastian Legaard Engeland, Albertine Lundgren, Numa Edema Norderhaug, Martin Karelius Østensen m.fl.
Regissør Hilde Brinchmann. Scenograf Signe Gerda Landfald. Kostymedesigner og maskedesigner Helena Andersson. Lysdesigner Martin Flack. Komponist og lyddesigner Eirik Myhr. Lyddesigner Morten Haug Serigstad. Produsent Anita Basmo Bjørnstad og Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Riksteatret i samarbeid med Den Nationale Scene.
Framsyningslengde 2 timar (inkludert pause).
Tilrådd aldersgrense 6 år.