Utstilling: Bjørneboe og Brændsrød

Utstilling: Bjørneboe og Brændsrød

I denne duoutstillinga møter vi verka til Esther Maria Bjørneboe og Espen Brændsrød – eit kunstnarpar som begge jobbar med førestilling og sansing, men på kvar sin måte. 

Kunstnarane jobbar begge med langvarige prosessar og abstrakte former, men bileta dei lagar er likevel svært ulike. Medan Bjørneboes bilete sprutar av fargar i hardkutta linjer, er Brændsrøds kunst prega av dempa monokromar med organiske overflater.

Om kunstnarane

Esther Marie Bjørneboe

«Øyet er en stillferdig fredsaktivist», seier Esther Maria Bjørneboe, i eit forsøk på å forklare kvifor ho er så oppteken av samanstilling av komplementære og kontrasterande fargar. 

I hennar nyaste serie måleri «Making Sense 2», som blir vist i Hvelvet på Oseana 5. november–21. desember, leikar ho med effekten av at vårt indre auge lagar sitt eige motsvar til synsinntrykk, noko som ofte blir kalla eit etterbilete. 

Goethe skreiv om dette i si fargelære allereie i 1810, der han omtalte fargane si tilhøyring til kvarandre. I hans teori er det ikkje fargane som liknar mest på kvarandre som skapar dei mest harmoniske samanstillingane, men derimot fargane som står lengst frå kvarandre i hans fargesirkel. 

Når ein let auga slappe av og «gjere si greie» kan eit bilete med sterke kontrastar umerkeleg utliknast inne på netthinna før det trenger inn i vår erkjenning. Ei erkjenning vi kanskje også kan overføre til andre delar av våre liv: slapp av litt og ta eit steg tilbake, så er kanskje ikkje verda så svart/kvit som ho kan verke på nært hald.

Esther Maria Bjørneboe bur og arbeider i Oslo, og har Hovudfag frå Institutt for Farge ved Statens Håndverks- og Kunstindustri Skole, Oslo (KHIO). Ho jobbar dynamisk med abstrakt måleri og med ei gjennomgåande interesse for farge som hovudmotiv. 

Ho har ei lang rekke utsmykkingar og utstillingar bak seg, som til dømes: Sandefjord Kunstforening, Galleri LNM, Kunstverket Galleri, Kunstnerforbundet, Galleri Semmingsen, Galleri Brandsdrup og har delteke i gruppeutstillingar som: Haustutstillinga – Statens kunstutstilling, KODE kunstmuseum, Sogn og Fjordane Kunstmuseum, Kristiansand kunsthall, Trondheim kunsthall, Tegnerforbundet og Drammen.

Espen Brændsrød

Ideen bak Espen Brændsrød sitt prosjekt «Mellom sletta og veien» kan oppsummerast slik: Det er måleri kledd i stoffet frå sitt eige motiv. Det høyrest kanskje litt kryptisk ut, men kort fortalt har han laga måleri av finmalte materiale han har funne på Hovedøya. Det er jord, stein, sediment og skjell, som er blitt bearbeidd og raffinert; tørka og sikta til grove fargepigment.

Kvart måleri blir som eit portrett av eit lite område på øya der han har sitt atelier, monokromar der berre fargen frå staden står att.

Samstundes med måleria blir også materiala han samla inn viste fram, i gamle arkivskuffer midt i galleriet.

Espen Bergum Brændsrød (f. 1969, Sandefjord) er utdanna ved Institutt for farge ved Statens håndverks- og kunstindustriskole. 

Han har hatt separatutstillingar ved mellom andre Kunstnerforbundet, LNM, Galleri Semmingsen, Trafo kunsthall (Asker) og Nordnorsk Kunstnersenter (Svolvær). Av gruppeutstillingar kan nemnast Haustutstillinga, Austlandsutstillinga, Nordic Painting ved LNM; Helsinki. Verka hans er kjøpt inn mellom anna av Noregs Bank, Utanriksdepartementet og Helse Midt-Noreg. Han har laga utsmykkingar ved Noregs ambassade i Brussel og Tjuvholmen KS.

  • Utstillingsperiode: 5. november – 21. desember.
  • Opningstid: onsdag–søndag kl. 12:00–16:00.
  • Billettar: kr 50 for barn/student/honnør og kr 100 for vaksne. Billettar kjøper du i resepsjonen.

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!

Les meir om Oseana si kunstavdeling her.