Utstillingsopning: Folk og folkeliv

Utstillingsopning: Folk og folkeliv

I utstillinga Folk og folkeliv inviterer Oseana kunst- og kultursenter deg med på ei fargerik og fascinerande tidsreise, fortald gjennom meisterverk frå Grieg Kunstsamling. Her møter du kunsten som var med på å forme sjølve biletet av Noreg, side om side med verk som viser liva våre på heilt nye måtar.

På 1800-talet, reiste kunstnarar som Adolph Tidemand land og strand rundt for å fange den «evige» norske kulturen. I storslåtte og detaljerte måleri av bunadskledde bønder, dramatiske fjordlandskap og tradisjonsrike bondestover, måla dei fram ein nasjonal identitet vi framleis kjenner oss att i.

Deretter tek utstillinga deg med inn til byane som voks fram. Her forsvinn den romantiske idyllen, og vi møter eit anna folkeliv. Realisten Christian Krohg viser oss ømme og usminka augeblikk frå vanlege folks liv, medan Wilhelm Peters lèt oss kjenne på pulsen frå eit travelt torg myldrande av folk.

På 1900-talet eksploderer kunsten i fargar og nye former. Folkelivet har flytta inn på jazzklubben og danselokala, som i Johs. Rians rytmiske måleri, eller ut i dei travle gatene med bilar og moderne menneske, som i Per Krohgs Le Matin (Morgon i Paris).

Utstillinga bringar oss til vår eiga tid, med eit blikk som strekkjer seg utover Noregs grenser. Just before dinner av Apichaya Wanthiang 2023 viser oss at norsk folkeliv i dag er ein del av ei større, global verd, og minner oss på at fellesskapet finst i dei små, kvardagslege augeblikka – uansett kvar vi er.

Folk og folkeliv er ei utstilling om oss. Ho handlar om gleda i ein snøballkrig, alvoret i kyrkja, pulsen i byen og stilla i heimen. Velkommen til ei unik reise gjennom kunsten og historia som har forma oss!

 

Dobbel utstillingsopning 17. september 

Utstillinga blir opna onsdag 17. september kl. 19:00, samstundes med utstillinga til kunstnar og grafikar Willibald Storn. Det blir kunstnarsamtale og noko godt i glaset. Opninga har gratis inngang, og du er hjarteleg velkomen

Om Folk og folkeliv:

  • Utstillingsperiode: 17. september – 21. desember. 
  • Ordinære opningstider er onsdag–søndag kl. 12:00–16:00. 
  • Billettar: barn/student/honnør kr 50, vaksen kr 100. 

Tusen takk til Grieg Foundation for eit godt og verdifullt samarbeid!

Les meir om Grieg Kunstsamling her