Få bill.Dyrene i Hakkebakkeskogen

Dyrene i Hakkebakkeskogen

Velkommen til ei teateroppleving for heile familien!

Produsenten bak suksessen Folk og røvere i Kardemomme By, kjem no med ei heilt ny oppsetting av den kjende klassikaren Dyrene i Hakkebakkeskogen!

Alive Entertainment AS presenterer ei leiken, musikalsk og hjartevarm framsyning som inviterer heile familien inn i Thorbjørn Egners elska univers. Med regi av Charlotte Brænna møter vi Klatremus, Mikkel Rev, Bamsefar, Bestemor Skogmus og alle dei andre kjende og kjære karakterane – akkurat slik publikum hugsar dei, og elskar dei.

På scenen blir Hakkebakkeskogen fylt med song, humor og liv, i ein trygg og tru versjon, heilt i Egners ånd. Dette er teater som engasjerar barna, treff dei vaksne med nostalgi, og skapar ei felles oppleving på tvers av generasjonar.

Anten det er første møte med Hakkebakkeskogen, eller eit gledeleg gjensyn, er dette ei framsyning som byr på latter, varme og magiske augeblikk – og som gir minne for livet.

Velkomen til Hakkebakkeskogen – vi gler oss til å ønske dykk velkommen i salen.

Rolleliste:

  • Klatremus – Kevin Haugan
  • Mikkel Rev – Andreas Mørland
  • Morten Skogmus – Jan Nicolai Wesnes
  • Bestemor Skogmus/kona på garden –Cassandra Bækkel
  • Bakergutten/Stabbursmusa – Trine Bariås (musikalsk)
  • Bakermester – Sondre Opsal
    Elgen/mannen på garden – Mats Markussen
    Bamsemor – Aina Gundersen
    Bamsefar – Peter Kolbjørnsen
    Brumlemann/Pinnsvin – Kaja Lofstad

    Teknisk/ crew:

    • Regi – Charlotte Brænna
      Design lyd/lys / prosjektering – Filip Sunnset Johannesen
      Scenemester/scenograf/ design – John Johansen
      Inspisient – Nora Landsverk
      Koreografi – Kevin Haugan
      Kostymer – Tuva Listau

       ___

      Varigheit: om lag 1 time og 40 minutt, inkludert pause

      Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no