Bjarte Hjelmeland – Alene Hjemme

Bjarte Hjelmeland – Alene Hjemme

NYHEIT! Ein av Noregs fremste komikarar og skodespelarar, Bjarte Hjelmeland, kjem endeleg tilbake til Oseana, klar for nok ein gong å gi publikum latterkrampe og tårer i augekroken! I skjeringspunktet mellom høgkultur og folkeleg fjas finn vi Bjarte, som er åleine heime og inviterer publikum inn i si eiga stove.

I det fjerde humorshowet til Bjarte, som fekk terningkast 6 av både Bergens Tidende og Bergensavisen, får publikum oppleva han i sitt ess, ellevill, varm, musikalsk og morosam. Samtidig viser han meir av den personlege sida si når han mimrar, reflekterer og deler til tider hysterisk morosame historier frå den imponerande karrieren og livet sitt, på sitt varme og underfundige vis.

Bjarte har tidlegare hatt stor suksess med humorshowa «Gu Kor Gøy» (2013), «I Lånte Fjær» (2016) og «JA!» (2019), som til saman selde over 160 000 billettar. Han har også vunne fleire komiprisar for dei tidlegare showa sine, som har hausta ei rekkje femmarar og seksarar på meldingsterningane.

Velkommen til vårens store åleine-heime-fest med Bjarte Hjelmeland!

___

Varigheit: Ca 1 time og 25 minutt.

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt ( 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.