Corioliskvartetten

Corioliskvartetten

Corioliskvartetten gjestar Oseana saman med pianisten Akiko Anazawa frå Sogndal med eit nytt og spennande program i vakre Grieg Kunstsamling.

Corioliskvartetten debuterte i 2012 og har sidan spelt ei rekkje konsertar på Vestlandet. Ensemblet er internasjonalt samansett og har eit variert og spennande repertoar.

Denne dagen blir det framført Antonín Dvoráks klaverkvintett i A-dur, op. 81, og Mozarts klaverkvartett nr. 1 i g-moll –tsjekkisk nasjonalromantikk og Wiener Klassisk.

— 

Varigheit: Omlag 90 minutt