Erlend Osnes – Fermentert

Erlend Osnes – Fermentert

Stand Up Norge presenterer: «Erlend Osnes – Fermentert».

Erlend Osnes, busett i Bodø, er kjent som ein frittalande og uredd komikar, og ein historieforteljar av rang. Med sin sjølvsikre stil og si skarpe og trygge formidling, så har han etablert seg som ein av landets mest kjente og elska komikarar. Han er for tida å sjå på turné med sitt fjerde soloshow  «Fermentert».

Framsyninga på Sentrum Scene i Oslo i vår blei stappfull, så no blir det spelt fullsette ekstraframsyningar i Oslo på Hovedscenen på Latter.  Videre kan stader som Bergen, Stavanger, Trondheim, Tromsø – og no ikkje minst Osøyro – sjå frem til å få besøk av denne hardtslåande komikaren.

«Fermentert» bekreftar Erlend Osnes som ein av Noregs beste historieforteljarar og inneheld hysteriske betraktningar frå eigen kvardag, eit skrått blikk på tingas tilstand og mykje latter. Det er tidvis mørkt, tidvis på kanten, men alltid veldig morosamt.

Velkommen til eit standup-show du seint vil gløyme!

Varigheit: 75 minutt

Rullestolar og ledsagarar: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen, eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

___

Matservering: Showmeny

Til dette arrangementet tilbyr vi ein eigen showmeny. Du bestiller og betalar på førehand, og får måltidet servert i kafélokala våre i 1. etg. før arrangementet. Du kan møte opp 1–2 timar før arrangementet startar.

Bestilling/kjøp skjer gjennom billettsystemet. Når du kjøper billettar, vil du få tilbod om å legge til matprodukt. Du kan òg etterbestille mat etter du har kjøpt billettane (lenke under). Frist for matbestilling: innan kl. 11:00 dagen før arrangementet.

Maten blir levert av Det Gode Selskap.

Klikk her for å kome direkte til matbestilling for dette arrangementet.

Bordønske, allergiar o.l.: Vil du sitte ved same bord om nokon i ei anna bestilling? Vil du opplyse om allergiar? Vil du avbestille? Ta kontakt med post@detgodeselskap.no – innan kl. 11:00 dagen før arrangementet. Hugs å oppgi dato for reservasjon og namnet ditt.

Les meir om mat og drikke på Oseana her.