Høyt og lavt – en statusrapport fra Norges rikeste land

Høyt og lavt – en statusrapport fra Norges rikeste land

Rune Nilson og Ken André Ottesen (BAdesKen) har slått seg saman for å fortelje deg korleis det eigentleg står til i Noregs rikaste land. 

Den eine har begeistra radiolyttarar og tv-sjåarar med uforgløymelege karakterar og dialektar. Den andre har reist land og strand rundt og hausta latterkuler på scener både høgt og lågt i vårt langstrekte land – samstundes som han har regjert i sosiale medier med lun humor frå lokalavisene. Felles for dei begge er at dei elskar Noreg. På godt. Og litt på vondt.

Ken André Ottesen/BAdesKen er totningen og avismannen som fekk utløp for interessa si for lokalnyheiter på Instagram. Han har ein av Noregs største følgarskarar i sosiale medium og dei får dagleg små gulldrypp frå alt som rører seg, i heile det fantastiske landet vårt. I over to år har han turnert med showet «Ja, vi elsker dette landet».

Rune Nilson er mannen bak ei stemme du heilt sikkert har høyrt før. Han har leia nokre av Noregs største radiosuksessar dei siste åra, mellom anna «Lønsj», «Kolafei» og «Landsmøte» på P1. I tillegg har han leia både «Sommeråpent» og «Ikke gjør dette hjemme» på NRK1. Gjennom kontakt med lyttarane har han lært over
snittet mykje om den norske folkesjela, i tillegg til at han er heilt rå pånorske dialektar.

___

Varigheit: om lag 80 minutt.

Ledsagarar og rullestolar: Ledsagarar har gratis inngang. Det finst eit avgrensa antal rullestolplassar tilgjengeleg. Billettar til ledsagar og rullestol får du via resepsjonen – kom innom eller kontakt oss på telefon 917 50 231 / e-post resepsjon@oseana.no