
#huninvesterer Os
#huninvesterer held fram med å jobbe for å tette kapitalgapet mellom kvinner og menn, og inviterer også i år til ein kveld fylt med innsikt, konkrete tips og masse inspirasjon.
Denne gongen tar vi tak i det mange lurar på: Korleis skal ein eigentleg forhalde seg til sparinga si når marknadene svingar og nyheitsbildet er fullt av uro?
Våre råaste ekspertar står klare til å gje deg verktøya du treng for å ta smarte val rundt din sparestrategi, også når verda kjennest litt uoversiktleg.
Finansrådgjevar Kristin Kleiveland og Elin-Marie Bigset Stang losar oss gjennom kvelden, og på scena møter du:
- Finansrådgjevar Elin-Marie Bigset Stang: Kvifor bli ho som investerer?
- Spareekspert, Behnaz Ganji: Marknadsoppdatering – Naviger i usikkerheit, invester med innsikt
- Finansrådgjevar, Nina Tonning Søgnen: Porteføljeteori i praksis
- Vi avsluttar med ein live Q&A der du, utan å måtte rekke opp handa, kan spørje rådgjevarane om (nesten) kva du vil
I tillegg til innhaldet frå scena kan du møte ekspertar innan oppstartsbedrifter, eigedom, privatøkonomi og sparing.
Det blir velkomstdrikke, merch og enkel servering.
💪Vi kan ikkje styre verda viss ikkje vi eig henne. Bli med – og bli ho som investerer.
Dato: Onsdag 29. oktober
Tid: Dørene opnar kl. 18:00. Programstart kl. 18:30 (ferdig ca. 20:30)
Stad: Oseana kunst- og kultursenter. Adresse: Mobergsbakken 20
Pris: 78 kroner – heile beløpet går uavkorta til UNICEF sitt arbeid for jenters rettar. (Kvifor 78 kr? Fordi menn framleis eig ca. 78 % av aksjeverdiane på Oslo Børs)
—
#huninvesterer er eit initiativ starta av DNB for å auke kvinneandelen blant investorar i Noreg. Kampanjen blei lansert i 2019 og har sidan utvikla seg til ei brei rørsle som både inspirerer og informerer kvinner om investering og økonomisk sjølvstende. Les mer om #huninvesterer her.