Kunstutstilling: Ni norske i samlinga

Kunstutstilling: Ni norske i samlinga

Utstillinga viser nye verk av ni norske kunstnarar frå Grieg Kunstsamling: Idun Baltzersen, Sverre Bjertnæs, Marie Buskov, Anna Daniell, Steinar Haga Kristensen, Lotte Konow Lund, Aurora Solberg, Øyvind Sørfjordmo og Tyra Tingleff.

Uttrykka i utstillinga spenner frå dei fargerike skulpturane til Anna Daniell, via dei nøkterne trykka til Idun Baltzersen, til Sverre Bjertnæs sine intense måleri og Lotte Konow Lund sine detaljrike teikningar.

Sjølv om kunstnarane er på ulike stadier i karrieren, har dei til felles at dei er på full fart opp og fram. Dette er kunstnarar det er verdt å følgje med på.

Utstillinga gir deg også ei unik moglegheit til å kjøpe heilt nye arbeid frå kunstnarane her på Oseana, både trykk og større verk.

Utstillinga er ein del av Grieg Contemporary, ein utstillingsserie som presenterer samtidskunst frå Grieg Kunstsamling.

Velkomen til opning onsdag 29. januar klokka 19:00!
Opningskvelden byr på bobler, talar frå kurator Jørgen Larsson og representantar frå Grieg Foundation – og ikkje minst høvet til å møte nokre av kunstnarane som deltar i utstillinga. Velkommen!

Bilde: Tyra Tingleff, What is mine is not yours to give me, 2022, Olje på rålinlerret (utsnitt).