Søndagsomvising i Grieg Kunstsamling – vår 2026

Søndagsomvising i Grieg Kunstsamling – vår 2026

Søndagar kl. 13:00 inviterer vi deg til ei spennande omvising i våre flotte kunstutstillingar. Første omvising i 2026 blir 11. januar.

Her får du høyre historia bak Grieg Kunstsamling og dykke ned i utvalde kunstverk. Omvisingane er lågterskel, dialogbaserte og opne for alle – også barnefamiliar.

Samlinga er stor og kva som blir vist fram vil variere. Innimellom arrangerer vi også utstillingar med eksterne kunstnarar og kunstverk. Våren 2026 vil du kunne oppleve utstillinga Folk og folkeliv (2. januar–5. april) og Nytt i samlinga (11. februar–5. april.) Frå 29. april blir det ei stor sommarutstilling som har fått tittelen IDYLL. Du finn heile kunstprogrammet her.

Varigheit: ca. 45 minutt
Pris: 100,- for vaksne | 50,- for barn, studentar og honnør
Billettar kjøper du i resepsjonen.

NB! I perioden 6. –28. april held kunstutstillingane stengt pga rigging og vedlikehald. I denne perioden blir det heller ikkje søndagsomvisingar.

Både resepsjonen og kaféen held ope søndagar kl. 12:00–16:00. Få deg ein kopp kaffi og noko å bite i medan du nyt fjordutsikta!

Velkommen til ein inspirerande kunstsøndag!