
Greatest Vits – Ørjan Burøe sitt Jubileumsshow
Etter 25 år på scena som ein av Norges morosamste komikarar, inviterer Ørjan Burøe deg til det ultimate humorshowet!
Dette er kremen av kremen: heilt nye, hysterisk morosame historier og dei mest minneverdige punchlines frå heile hans karriere. Ørjan sparar ikkje på krutet – her blir det skarp humor, ærlege poeng og overraskingar som garantert får deg til å le så tårene triller!
Lattergaranti? Absolutt!
Ørjan er så sikker på at publikum kjem til å le, at han gir pengane tilbake viss det er nokon som ikkje ler innan det første minuttet! Ja, du las riktig – MINUTTET! Dette showet er ikkje for sarte sjeler, så viss du lett blir krenka, kan det hende du bør halda deg heime. Her blir det humor som treff hardt, ærleg og rett i lattermusklane!
Dette er meir enn berre eit show – det er ei oppleving du ikkje har råd til å gå glipp av. Ørjan leverer humor på toppnivå, og denne framsyninga kjem til å bli noko folk snakkar om lenge etterpå.
–––
Showet finn stad i Oseanafoajéen med unummererte plassar rundt kafébord.
Varigheit: om lag 70 minutt.
Ledsagerbillett: Eit avgrensa antal ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
Servering: Oseana kafé er open frå kl 12:00 og fram til arrangementet startar, med servering av smørbrød, drikkevarer o.l. Baren i foajéen opnar ein time før arrangementet og er open under heile arrangementet.
—