Mitt liv som ansatt – med Fredrik Fornes

Mitt liv som ansatt – med Fredrik Fornes

Fredrik Fornes er føredragshaldar, forfattar – og Noregs største arbeidslivsinfluenser.


Med dei satiriske videoane sine om finurlegheitene i kontorkulturen har han på rekordtid fått over 100 000 følgjarar og millionar av visningar på Instagram. Der peikar han nådelaust, men kjærleg, på det absurde, det morosame og det fullstendig idiotiske i norsk arbeidsliv.

I «Mitt liv som tilsett» tek Fredrik for første gong med seg kontorstolen ut av Teams-møtet og opp på scena for å lage humorshow. Her får du ein time med attkjenneleg, skarp og absurd kontorhumor – eit standupshow for alle som nokon gong har vore i eit møte utan agenda, hevda at dei brenn for logistikk, eller brukt corporate bullshit-ord dei sjølve ikkje forstår.

Vi kan love hårreisande parykkar. Vi kan love ein PowerPoint med altfor mange slides. Vi kan love at KPI-ane dine vil bli redefinerte, realitetsorienterte, synergieffektiviserte og implementerte i eit målbilete du aldri har godkjent.

Men først og fremst kan vi love ein time med latter, litt smerte – og brutal ærlegdom om livet som tilsett. Dersom du nokon gong har hatt ein jobb, vil du kunne kjenne deg att i Fredrik sitt skråblikk.

Velkomen til eit humoristisk allmøte om livet på jobb!

_____

Servering: Gjer kvelden komplett med ein god middag eller noko godt i glaset før arrangementet. Oseana Kafé held ope fram til arrangementsstart, og kjøkkenet stenger éin time før. Sjå meny og bestill bord på www.oseanakafe.no

Varigheit: Ca 1 time

Rullestolplass og ledsagarbillett: Kjøpast i resepsjonen eller ved kontakt (tlf. 917 50 231 / resepsjon@oseana.no). Ledsagar er gratis.