
17. mai: Program i Oseana
Foto: Erik Ask / Os fotoklubb
Program i Oseana
Barnetoget stansar på parkeringsplassen ved Oseana.
Det offisielle programmet startar i Oseanasalen kl. 13.30 og varar i om lag ein time.
Du kan følgje programmet i Oseanasalen direkte via Kommune-TV eller sjå i opptak seinare.
- Song ved 1.-3. trinn og ord for dagen ved elevar på 7. trinn, Os barneskule
- Ordførar i Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg (Ap), held hovudtalen.
- Mighty Magnolias spelar
- Russepresidentane talar: Os gymnas ved Isak John Bruarøy Hamilton, Fusa vidaregåande skule ved Ronja Berg og Os vidaregåande skule ved Ida Vaktskjold
Oseana kafé og restaurant har open restaurant, og kafe i foajeen med sal av is, pølser, kaffi og anna.
17. mai-konsert med Osøren Jazzensemble m/Marita Moe Sandven kl. 17:00 (sjå eige arrangement her )
Servering i Oseana
Foajeen, kl. 13-15
Sal av is, brus, kaffi, kaker og hotdog.
Restauranten, frå kl. 13
Sal av kaffi, kaker og rømmegraut.
Rømmegraut og spekemat kr 215,-
Griegsamlingen, frå kl. 15 til ca. kl 17
17. mai-buffet.
Vaksne kr 690,-
Barn mellom 3 og 12 år kr 300,-
Barn 0-3 år gratis
Ta kontakt med restauranten for å reservere bord: tlf. 53 69 51 40 / restaurant@oseana.no