nodeimage

Oseana LIVE

Streaming prosjektet til Oseana og Kavlifondet når nye høgder!

 

Det byrja med å streame teaterforestillinga «Fortrolige Samtaler» med Riksteatret til to institusjonar. I kveld går den første framsyninga til Eggum & Sivertsen – VI TO (er ikke Romeo & Julius) ut til 48 institusjonar i heile landet, og når slik mellom 1500 – 2000 bebuarar! Dette i tillegg til dei nærare 500 i Oseanasalen.

Det er sjuande gongen Oseana streamar eit arrangement, og det er svært gledeleg å sjå at interessa er så stor.

 

Om prosjektet:

Oseana Kunst- og Kultursenter ønsker å dele kulturopplevingar med flest mogleg! Gjennom streaming kan vi nå publikum som på grunn av helsemessige årsaker ikkje kan oppsøka kultursalen. I samarbeid med Kavlifondet og utøvarar, direkteoverfører vi utvalde konsertar og framsyningar til institusjonar, til beste for pasienter og deira næraste pårørande. Det er ein lukka straum til institusjonar kor det bur menneske som elles ikkje har høve til å oppleve kunst og konsertopplevingar i konsertsalen.

      - Det å kunne gje ein oppkvikkar og inkludere bebuarar på slike kulturhappeninger, er ei fantastisk gåve frå artisten. Når vi veit at kultur både kan vera helsebringande og gje avleiing frå tunge tankar og lange behandlingsdagar,  gjer prosjektet ekstra meining, seier vår direktør Ole Tobias Lindeberg.

 

Prosjektet med å streama kulturopplevingar er eit nonprofitt arrangement som er støtta av Kavlifondet. Torsdagens konsert er ei gåve frå artist til institusjonsbebuarar i samarbeid med Stageway, Oseana og Kavlifondet.

Opningstider

   
mandag - fredag 11.00 - 16.30
laurdag  11.00 - 16.00
søndag 12:00 - 18:00